El mundo español / Den spanske verda — Det spanske alfabetet / El alfabeto español

Den spanske verda / El mundo español

Spansk er eit verdsspråk. I følgje statistikkar frå 2011 snakkar omlag 500 millionar menneske over heile verda  spansk, 400 millionar av dei har det som morsmål, og dette gjer at det er fleire som har spansk enn engelsk som morsmål. Reknar ein med alle som snakkar engelsk, både som morsmål, andrespråk og hjelpespråk,  er det dobbelt så mange som kan kommunisere på engelsk enn på spansk. Spansk er offisielt språk i 21 land, dei fleste av desse i Latin-Amerika, og er dessutan offisielt FN-språk og eit av dei største internettspråka. Spansk er også offisielt språk i det afrikanske landet Ekvatorial-Guinea, og det blir også snakka av store folkegrupper i USA (2011: ca. 50 millionar dersom ein tek med dei omlag 9 millionar illegale spansktalande innvandrarane),  i Brasil (12 millionar), i Belize (200000), på Filippinane (ca. 3 millionar), i Marokka (5 millionar) og i Vest-Sahara (ca. 200000). Både i Andorra og Gibraltar snakkar meir enn tre fjerdedelar av innbyggjarane spansk. Frankrike har over 2 millionar spansktalande, og Canada over millionen. I Noreg er det omlag 15.000  som har spansk som morsmål, og i Sverige er det over 100000.

Kart over den spansktalende verden.

 

Idag reiser vi mykje og mange har vore eller kjem til å reise på ferie til Spania eller andre spansktalande land. Spania er eit populært reisemål for mange nordmenn, og utanfor turistområda er det få spanjolar som snakkar engelsk. Kan ein språket deira, får ein mange fleire opplevingar med seg heim.

Utanfor Europa

Særleg utanfor Europa opnar det seg ei heil verd for spansktalande. Ein kan snakke med stammefolk i Peru, med gauchos (cowboys) på slettene i Argentina, med eksilkubanarar i Miami og latinamerikanske innvandrarar i grensestatane mot Mexico.

  • I USA er det store spansktalande folkegrupper, spesielt i California, Texas, New Mexico, Arizona, Nevada, Florida og New York.
  • Norsk turisme til spansktalande område er aukande.

Den spansktalande delen av verda er i kraftig vekst både i tal og økonomisk, så ein må rekne med at det blir stadig meir bruk for personar som kan bruke språket.  Å kunne spansk er eit av fleire framandspråk som det er spørsmål etter i jobbsamanheng og i mange yrke.

I ei tid som er prega av internasjonalisering, er det viktig at flest mogeleg i eit lite land som Noreg ikkje berre snakkar engelsk, men også lærer seg eitt eller fleire av dei andre store verdsspråka, t.d. spansk.

Sjå på denne presentasjonen for å finne ut kvifor du bør satse på å lære SPANSK

Mapa Político de España

Lær meir om Spania: Spanske fylke  1   og 

Lær meir om Latin-Amerika:  Landa  1    og   2    og   3   og    4   Hovudstadane  1     2     3    4

Fakta om Spania

  • Folketal/Populación: 47 mill
  • Hovedstad/Capital: Madrid (6 millionar )
  • Offisielt språk/Idioma oficial: Spansk /Español
  • Andre språk/Otros idiomas: Katalansk, Galisisk, Baskisk/catalán, galicio, vasco
  • Mynteining/Moneda: Euro
  • Styreform/Forma de gobierno: Kongedømme/Monarquía
  • Talet på fylke/Número de comunidades: 17
  • Flateinnhald/Area: 505 955 km2
  • Folketettleik/Densidad de población: 80 pr. km2
  • Viktigaste religion/Religión dominante: Katolsk kristendom (99%)/catolicismo
  • Eksportvarer/Mercadería de exportación: Bilar, ferdigvarer, matvarer, maskiner/coches, mercadería, alimentos, máquinas

Vil du vite meir om spansk språk i verda idag, kan du kike på denne oversikta: Spansk i verda

AMÉRICA DEL SUR

Mapa Político de Sudamérica

MEXICO, AMÉRICA CENTRAL Y EL CARIBE

1. DET SPANSKE ALFABETET./EL ALFABETO ESPAÑOL.

a (a)            h (atsje)          ñ (enje)             v (uve)
b (be)          i (i)                  o (å)                   w (uve doble)
c (se)           j (håta)           p (pe)                 x (ekis)
ch (tsje)      k (ka)             q(ko)                  y (i griega)
d (de)          l (ele)             r (ere)                z (seta)
e (e)           ll (eje)             s (ese)
f (efe)         m (eme)         t (te)
g (he)         n (ene)            u (o)

Når du skal stave brukar du denne uttalen av bokstavane.

2. VOKALAR OG KONSONANTAR.

VOKALAR
Spansk skjelnar ikkje mellom korte og lange vokalar slik som vi gjer i norsk.
Spanske vokalar liknar våre norske korte vokalar.

Eksempel

Vert uttalt omtrent som norsk:
a (a) la carta – brevet  – som norsk a : kalle
e (e) la tele   – TV  – som norsk e : sett
i (i) el disco   – plata  – som norsk i : sikker

o (å) dos bolsos – to vesker  – som norsk å: fått
u (o) Cuba – Burgos –  som norsk o: bodde

Merk!
Bokstaven u vert ikkje uttalt i følgjande samansetningar:

que (ke) – Enrique/que qui (ki) – quince
gue (ge) – Miguel/guerra gui (gi) – guia/guitarra

DIFTONGAR.

To vokalar etter kvarandre i same staving kallast ein diftong. På spansk må den eine vokalen vere enten i eller u

I stigande diftongar står i eller u først bien/bueno/cuanto/agua/Suecia
I fallande diftongar står i eller u sist Europa/auto/aire/aceite/hoy
Samansetningane ui (uy) og iu vert uttalt som stigande diftong muy/Luis/ciudad
For å markere at to vokalar ikkje vert uttalte som diftong, set vi aksent på i eller u día/María/Raúl

KONSONANTAR


Her finn du dei konsonantane som skil seg vesentleg frå norsk uttale:

c framfor e og i vert uttala som norsk s, elles som norsk k

ch er ein lyd og vert uttalt som engelsk ch i “much”

g framfor e og i vert uttala som tysk harkelyd i “Bach” eller nokså likt norsk h. Elles er uttalen som norsk g

h er alltid stum på spansk

j blir uttala som tysk harkelyd i “Bach” eller nokså likt norsk h

ll blir uttala som ei samansmelting av norsk l og j eller som konsonanten j

ñ blir uttala som norsk nj

rr blir uttala som kraftig rullande r i norsk

y blir uttala som norsk j mellom vokalar og først i ord, men i diftongar og i ordet y (og) vert denne konsonanten uttala som norsk i

x vert uttala som ks eller som norsk h

z vert uttala som norsk s


Klikk her og høyr korleis alle bokstavane i alfabetet blir uttala:

3. TRYKK.
Dersom eit ord sluttar på vokal, n eller s, får nest siste stavinga trykk.
Dersom eit ord sluttar på konsonant (ikkje n og s), får den siste stavinga trykk.
Det finst mange unntak frå desse reglane, og då er trykket markert med eit aksentteikn over den vokalen som skal ha trykket.

4. INTONASJON.
I korte utsagn og setningar fell tonen mot slutten.
I lengre utsagn og setningar er den første delen stigande, medan den andre delen har fallande tone.
I spørsmål med spørjeord er tonen fallande mot slutten.
I andre spørsmål er tonen stigande mot slutten.

5. ENDRINGAR I STAVEMÅTE.
z blir til c framfor e             — una vez – dos veces
g blir til gu framfor e          — llego – llegué (eg kom)
c blir til qu framfor e          — saco – saqué (eg tok fram)
i blir til y mellom vokalar  — oiga – oye (høyr-du)
Ordet y (og) vert endra til e framfor ord som tek til med i-lyd — padre e hijo/famoso e importante
Ordet o (eller) blir endra til u framfor ord som tek til med o-lyd — siete u ocho

SPESIALTEIKN I SPANSK SPRÅK.

Før vi går i gang med spansk språk for alvor, vil eg for ordens skuld gjere merksam på at på spansk vert spørsmål markert ikkje berre med spørsmålsteikn til slutt. Spørsmål skal også ha spørsmålsteikn framfor seg. Dette er sett på hovudet. Det same gjeld utrop, som også har teikn både før og etter. Desse teikna ser ut som fylgjer:

¿ – Slikt spørsmålsteikn lagar du med å halde nede Alt-knappen og trykke 168.
¡ – Slikt utropsteikn lagar du med å halde nede Alt-knappen og trykke 173.

Dei andre bokstavane og teikna som vert brukte på spansk kan du også skrive med eit norsk tastatur berre du veit korleis. Her er ei oppskrift:

  • ñ – Alt 164
  • Ñ – Alt 165
  • á – Alt 160
  • Á – Alt 181
  • é – Alt 130
  • É – Alt 144
  • í – Alt 161
  • Í – Alt 214
  • ó – Alt 162
  • Ó – Alt 224
  • ú – Alt 163
  • Ú – Alt 233

spanskfordeg.wordpress.com-Google pagerank and Worth

var _gaq = _gaq || [];
_gaq.push([‘_setAccount’, ‘UA-39411420-1’]);
_gaq.push([‘_setDomainName’, ‘wordpress.com’]);
_gaq.push([‘_setAllowLinker’, true]);
_gaq.push([‘_trackPageview’]);

(function() {
var ga = document.createElement(‘script’); ga.type = ‘text/javascript’; ga.async = true;
ga.src = (‘https:’ == document.location.protocol ? ‘https://ssl’ : ‘http://www’) + ‘.google-analytics.com/ga.js’;
var s = document.getElementsByTagName(‘script’)[0]; s.parentNode.insertBefore(ga, s);
})();

Dette innlegget vart posta under Uncategorized og merkt , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

2 svar til El mundo español / Den spanske verda — Det spanske alfabetet / El alfabeto español

  1. Jan Erik seier:

    mye interessant, spesielt bokstavlydene

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s